Personvern

Kva vi lagrar når du bestiller, og kvifor.

Kva vi lagrar

Namn og mobilnummer, e-postadresse om du oppgjev ho, kva du har bestilt, kvar og når du hentar, og meldinga di om du skriv ei. Vi lagrar òg IP-adressa bestillinga kom frå, for å kunne stoppe misbruk av skjemaet.

Kva vi brukar det til

Til å levere bestillinga di: sjåføren ser namnet og nummeret ditt i leveringslista, og vi sender stadfesting, påminning dagen før og melding om turen blir forseinka eller avlyst.

Vi sender deg ikkje reklame. Har du kryssa av for «Varsle meg når de kjem til dette området igjen», får du melding om nye turar. Elles ikkje.

Betaling

Betalar du med Vipps, er det Vipps som handsamar betalinga. Vi får vite at ho er gjennomført og ein referanse til ho, ikkje kort- eller kontoopplysningar.

Kven som har ansvaret

Lyslo Fjordbør, org.nr. 919 322 640. Opplysningane blir ikkje selde eller delte med andre enn dei som trengst for å levere tenesta (betaling og utsending av SMS og e-post).

Vil du sjå, rette eller slette det vi har lagra om deg, ta kontakt: adele@repix.no eller +47 41 234 048

← Til bestillinga